top of page

Skal ei jente redde og trøyste far sin?

Teatr Baj frå Polen er på gjestespel hjå Det Norske Teatret under Fosse-festivalen.

Spelejenta/Dziewczynka ze skrzypcami har mange gode kvalitetar og er interessant på fleire vis. Kva slags ansvar legg dei på ei lita jente? Og kva er det dei vil med dokkene i framsyninga?

Av Elin Lindberg

SPELEJENTA av Jon Fosse
Dziewczynka ze skrzypcami på polsk
Omsetjing til polsk Monika Grossman-Kilber
Regissør: Ewa Piotrowska
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Scenografi: Edyta Rzewuska
Musikk: Karoline Rising Næss
Det Norske Teatret, Scene 3, onsdag 6.september 2023

Denne framsyninga er eit samarbeid mellom Teater Baj og Det Norske Teatret. Det er laga
som ein del av prosjektet «Barn – vaksen – eit leksikon for sensitivitet». Og ja, her er det
mange kjensler. Først: Eit diverre vanleg problem er at somme foreldre tar med seg barn på
teater som ikkje er i målgruppa. Det er ei grunn til at det er sett ei aldersgrense. Teateret skriv
at denne framsyninga passar for folk over 10 år. Det er litt ugreitt at små barn – heilt sikkert
under 10 år – så redde at dei skjelv, må dra foreldra sine ut av teatersalen fordi dette blei alt
for skremmande for dei. For ja, denne framsyninga har nokre ganske skumle scener. Og det er
ikkje farleg for barn å sjå skumle scener, men her bør ikkje barna vere alt for små.

Tekkeleg start
På scene 3 er det to store skjermar som står på skrått på kvar si side av ein halvsirkel som er
spelerommet. Bak i midten er ei opning dekt med eit forheng av kvitt tau. Midt på golvet står
ein lenestol. Ein liten radio står ved sida. Ved veggen står ei slitt fiolinkasse og eit par sko. I
starten fargar lyset rommet lyseblått – det er reint og signaliserer barnleg uskuld. På den eine
veggen heng eit bilete. Eg trur først det er av ei heks med spiss hatt og kappe-aktig kjole –
stykket skal jo handle om noko magisk. Men eg ser etter kvart at det ikkje er ei heks med

spiss hatt, men ei kvinne med fiolin, på biletet – er det kan hende ei fråverande mor? På den
andre sida av spelerommet er det projisert ei dør inn til eit anna rom i leilegheita, der vi forstår
at jenta bur saman med far sin.

Lyst og mørkt
Hovudpersonen, sjølve spelejenta, som blir fint spelt av Adriana Parocka, kjem dansande inn.
Ho dansar yndig og søtt og er kledd tradisjonelt jentete. Ho har blå kjole med eit kvitt, litt
gamalmodig armforkle på seg. Ho har fletter og blå og kvit-stripete strømpebukser. Uskulda
sjølv. Ho dansar lett og glad.
Kontrasten er faren, godt spelt av Andrzej Bocian som kjem inn mørk og tung i arbeidskleda
sine. Det er noko med far. Det som til no har verka som søtt og tekkeleg barneteater står no
som ein slåande kontrast til alt det mørkeret som far tar med seg inn. Far berre sit. Jenta
freistar å muntre han opp. Far sit. Han tar eit ullteppe halvt om seg. Han sit. Har er ikkje glad.

Vêrmeldinga
Denne framsyninga er nesten heil ordlaus. På radioen er det ei sending. Det er vêrmeldinga.
Og ho er for måndag – altså så er dette ei søndag. No er kanskje ikkje vêrmeldinga noko som
gjev så mykje meining om ein bur i by – ja, det kjem både regn og Hans og sol og sviande
tørke, men i Fosse-land – på Vestlandet, ved havet, der har vêrmeldinga mykje å seie. Ho
fortel om du kan kome deg ut med båten, om du kan dra på arbeid om du er fiskar. Ho kan
bety liv eller daud. Ja, vêrmeldinga kan liknast med sjølve Gud. Vêrmeldinga i stykket melder
ikkje om verken sol eller storm, men det er mykje gråvêr, kuling og sludd i ho. Ho er ein del
av faren sitt liv, men han agerer ikkje på ho. Han sit i stolen sin.

Maskebruk
Ein svartkledd og skummel figur flott spelt av Oskar Lasota, kjem ålande fram. Og for å gjere
det klart – alle dei tre skodespelarane i oppsetjinga har eit framifrå kroppsspråk. Dei er svært
presise og fine. Vi ser i starten ikkje andletet til den kappekledde. Han liknar ein demon med
slangeaktige rørsler. Han er skikkeleg skummel. Det meiner ungane som ser på òg, høyrer eg
rundt meg. For somme blir det så skummelt at dei må gå. Den kappekledde demonen gjer
noko med faren i stykket. Først får faren på seg ei maske. Maska minner om faren sitt eige
andlet, men det er grått og livlaust. Ein regel når ein arbeider med maske er at ein skal vere
varsam med å ta på maska. Det gjer utøvarane her – dei tar med hendene på maska. Då mistar
maska noko av sin magi. Ho blir ytterlegare daud. Maska blir berre eit objekt. Det kan jo vere at dette er medvite for å understreke at ei svært tung og døyeleg kraft har fått makt over faren.
Maska er no utan liv.

Barnet må redde faren
Faren slik han har vore, er borte. Han er ikkje lenger heime. Han sit på ein stein ute i havet.
Og havet er stort og vilt og skremmande. Vêret er vilt og demonen er nifs. Jenta legg av garde
for å redde faren sin. Ho reiser gjennom aude natur og over høge fjell. Ho gjev til og med den
eine fletta si til demonen. Ho ofrar seg sjølv på eit vis. Det er mykje for eit barn. Det er for
mykje for eit barn. I Jon Fosse si bok, som er illustrert av Øyvind Torseter, er det spelet til
spelejenta som reddar faren. I boka er faren ikkje så fullstendig bortkomen som i stykket. Han
er kanskje både trist og deprimert i boka, men boka legg ikkje ansvaret for å redde faren på
barnet slik eg opplever at stykket gjer.

Dokkeføring
På eit tidspunkt blir faren ei dokke. Ho er i heilfigur som ein miniversjon av faren – kanskje
ein meter lang. Men dokkeføringa er det ikkje jobba med. Dokka blir meir som eit objekt. Den
harde dokkehanda blir slept rett ned i golvet slik at det blir eit hardt dunk mot scenegolvet. Då
mister dokka magien sin. Ho blir aldri animert, ho får ikkje liv. Eg veit ikkje om det er
medvite, men det er synd at ikkje dokkene også blir brukt til å spele med som om dei var dei
medspelarane dei kunne vore. Her kjem dei berre til å representere faren, og spelejenta der ho
ein gong i stykket kjem fram som dokke.
Alt ender godt – far og dotter sit i lag på eit teppe på golvet og et eple i lag til slutt. Stykket er
absolutt velspelt – alle skodespelarane er supre. Animasjonane er flotte. Dramaturgien
fungerer fint. Men eg sit igjen med at dette var kanskje ein vel mørk tur for eit barn og eit vel
stort ansvar for den velmeinande spelejenta.

bottom of page